– Vi hadde ein intensjon om å byggje ein Coop Extra-butikk på Ose. Men kommunen vil ha mest mogleg etablering nærare sentrum – på andre sida av Osbrua. Vi leitar difor etter ein eigna stad der det er lagt til rette for god tilkomst, gode parkeringsforhold og eit framtidsretta anlegg for butikkdrift, seier adm.dir. Geir Espe i Coop Vest.

Førebels har Coop Vest sett på tre-fire plassar i sentrumsområdet som kanskje kan eigne seg for ein ny Extra-butikk, utan at Coop har noko konkret på hand.

– Vi har lova eigarane våre å etablere ein ny butikk i Ørsta etter at vi la ned Extra-butikken på Amfi-senteret. Og vi håper å kome fram til ei løysing, seier Espe.

Opphavleg ønskte Coop Vest å byggje nytt på tomta der Coop Vest sin tidlegare Prix-butikk på Ose låg, like ved Rema-butikken. Reguleringsarbeid vart starta for ein daglegvarebutikk på 2000 kvm.

Ei problemstilling med prosjektet har vore at noko av eigedomen til Coop Vest på Ose ikkje er regulert til butikkføremål. Det har også vore ei problemstilling knytt til innkøyring for den nye butikken.

Samfunnsutvalet gjekk imot ei ekstra avkøyrsle til E39 for den nye butikken, og grunngav dette med trafikktilhøva i området.

Forslagsstillar foreslo tilkomst via Melsvegkrysset i tillegg til ei avkøyrsle lenger nord. Vegvesenet var skeptiske til løysingane då dei ville gje ein meir uoversiktleg trafikksituasjon, og signaliserte også motsegn mot framlegget.

Dette er likevel ikkje hovudårsaka til at Coop Vest no leitar etter eigna tomt nærare sentrum. Leiar for plan- og miljøavdelinga i Ørsta kommune, Gunnar Wangen, stadfestar at kommunen ønskjer etablering tettare sentrumskjernen.

Fortetting

– Dette er i tråd med tettstadsutviklings-prosjektet, der tankegangen er fortetting og ein strategi om å samle fleire funksjonar i sentrum. For det er i sentrum vi ønskjer etablering då dette vi vere den beste løysinga for Ørsta. Og vi trur der er eigna område i sentrum for ein butikk for Coop Vest, seier Wangen.

Sjølv om Coop no jobbar for ny butikketablering nærare sentrum, er det ikkje sett endeleg strek for ei etablering på Ose.

– Nei, denne planen ligg der og han kan brukast viss vi får løyst utfordringane. Men Ose er ikkje lenger førsteprioritet, seier Geir Espe i Coop Vest.

Godt nøgd

Coop Vest-direktøren er i stor grad godt nøgd med selskapet si utvikling for butikkane i Ørsta og Volda. Ikkje minst gjeld dette Coop Extra-butikken i Furene.

– Extra Volda auka omsetninga med 14 prosent til 80 millionar kroner i 2017. Vi er svært nøgde med fjoråret og rettar ein stor takk til alle kundane, som også er våre medeigarar. Kombinasjonen av stort utval av varer til låge prisar har slått an. Vi som jobbar i butikken skal halde fram å stå på knallhardt for å levere gode handleopplevingar til kundane kvar einaste dag, seier butikksjef Sissel Myklebust.

Dei gode resultata hos Extra Volda bidrog til at lågpriskjeda Extra, som er ein del av Coop, vart vekstvinnar i norsk daglegvarebransje i 2017. Dette er tredje året på rad lågpriskjeda veks mest. I tillegg har Extra rekordnivå i kundetilfredsheit.

Også kafeen til Coop Extra i Furene har god auke (8 prosent), og kafeen får mange positive tilbakemeldingar frå kundane, både for maten og sørvisen, ifølgje Espe. Han rosar dei tilsette for innsatsen.

Prix i Volda har stabil omsetning og selde varer for litt under 20 mill. i fjor. Også butikkane på Folkestad og Lauvstad har stabil omsetning.

Coop driv også Extra Bygg på Rotset i Volda. Der har salet nådd nye høgder.

– I fjor auka vi med 35 prosent og hadde ei omsetning på 57 millionar. I mars skal vi omprofilere denne butikken til OBS Bygg og også innføre nettbutikk der folk kan bestille heime og få varer levert på døra viss dei ønskjer, fortel Espe.

Lokal mat

Coop Vest satsar mykje på dei lokale matprodusentane. No skal det satsast endå meir på dette.

– Målet er å vere best på lokal mat. I fjor selde vi lokalprodusert mat for 50 millionar. No har vi tilsett eigen marknadssjef som skal hjelpe produsentane til å få varene fram til forbrukar, fortel Geir Espe.

På dei største butikkane er der eigne avdelingar med lokal mat.

– Vi har lykkast godt med satsinga på lokal mat i Sogn og Fjordane. No set vi inn støyten på Sunnmøre, og både kommunar, produsentar og fylket er med i samarbeid om å få meir lokal mat ut til folket. Dette er spennande. Potensialet er stort, vurderer adm.dir. Geir Espe.

Suksess: Coop Extra i Furene er ein stor suksess. Her viser nokre av dei tilsette fram det nye sjølvbetjeningssystemet som Coop Vest er åleine om i vårt område. Frå venstre Iselin T. Øye, Thaer Alhams, Nina Øye, Vigdis O, Øvstegaard og Sissel Myklebust, butikksjef. Foto: Roy-Arne Folkestad