Anne Ellingsen (V) er uroa over høgt sjukefråvær i Ørsta kommune. I årsmeldinga for 2017 kjem det fram at sjukefråværet i tredje tertial var på ni prosent.

– Er det for høg arbeidsbelastning? For få tilsette? Gjer vi for mange positive vedtak og gir for mange oppdrag? Er det arbeidsmiljøet? Dette har konsekvensar, både for dei sjukmelde sjølve, men også for brukarane, dei andre tilsette, økonomien og omdømmet til kommunen, sa Ellingsen, og bad administrasjonen om å kome med ei orientering i løpet av hausten om kva tiltak som vert gjort eller kan gjerast, for å redusere sjukefråværet.

Ellingsen fekk støtte frå Geir Høydalsvik (KrF).

– Eit så høgt sjukefråvær gir ein betydeleg meirkostnad. Det er også langt høgare enn det er på nasjonalt nivå, som er seks prosent.

Han stilte også spørsmål ved innleige av vikarbyrå.

– Også dette representerer ein meirkostnad for kommunen, slik eg ser det. Vi hyrer inn private som ønskjer å tene pengar. Det å tilby faste stillingar i høge prosentar er god personalpolitikk og god økonomi for Ørsta.

Ingvild Aasen (Ap) meiner også at fulltidsstillingar vil verke positivt inn.

– Jobbar folk i hundre prosent stillingar vil dei eige meir i stillinga og arbeidsplassen, og det vil vere med på å gjere terskelen høgare for å bli heime, enn om du har ei mindre stilling. Ørsta har vore tidleg ute med å innfase bemanningsnorma i barnehagane, og i dag er alle barnehagelærarar tilsette i hundre prosent stillingar. Vi må jobbe vidare med denne heilstidsstrukturen.

Ørsta kommune er også med i eit pilotprosjekt om heiltidsstruktur saman med Ulstein kommune.

– Dette trur eg kan vere med på å få ned fråværet, sa Aasen.

Administrasjonen forsikrar om at dei tek det høge sjukefråværet på alvor.

– Sjukefråværet er for høgt, seier fungerande rådmann Eldar Øye.

– Vi var inne i ein positiv trend i 2016, men no er vi på veg i feil retning. Dette skal vi ta opp og kome tilbake til med ein djupare analyse i løpet av hausten. Vi har også teke dette opp med legesenteret i første tertial, og dei har mellom anna vist til at influensaen har gjort eit djupt innhogg. Men då kan vi lure på om influensaen har råka Ørsta hardare enn Volda, for fråværet er ikkje like høgt der. Vi har ikkje noko godt svar på dette, og det er noko vi absolutt må ta tak i.

Vil sjå på saka: Fungerande rådman Eldar Rune Øye. Foto: Rune Sæbønes