– No skal alle brikker vere på plass og prosjektstart vert i byrjinga av oktober, fortel prosjekt- og utviklingsdirektør Torbjørn Torske i Amfi Eigedom.

To etasjar

I retning Hamneparken skal Amfi setje opp eit tilbygg over to etasjar. Kvar etasje vert på 1.700 kvm. Totalentreprenør for prosjektet er Consto Vest i Ålesund. Frå dei startar arbeidet om kort tid vil det går vel eitt år før byggjeprosjektet er ferdig. Det betyr at nybygget til Amfi kan takast i bruk i løpet av oktober neste år.

– Når det gjeld påbygget sin utsjånad har vi teke utgangspunkt i eksisterande bygg, seier Torbjørn Torske.

Prosjektet har ei kostnadsramme på knappe 60 millionar kroner.

Bunnpris

Lågpriskjeda Bunnpris (matvarer) etablerer seg i nybygget gjennom selskapet Bunnpris Møre. Denne kjeda finst ikkje i Ørsta i dag. I tillegg vil Clas Ohlson etablere seg i nybygget til Amfi. Denne internasjonale butikkjeda sel artiklar innan segmenta elektro, fritid, heim, jarnvare og multimedia.

– Vi skal også ha inn to mindre butikkar, og arbeider for å få på plass kjeder som i dag ikkje er representert i Ørsta, opplyser Torske.

Éin inngang

Under store delar av byggjeperioden vert inngangen nedover mot Hamneparken og parkeringsplassen stengd. Berre den øvste inngangen skal då nyttast.

– Det vert sjølvsagt periodar med noko støy under utbygginga. Men vi erfarer at kundane heller synest dette er spennande enn negativt. Erfaringane tilseier at omsetninga på Amfi-senteret ikkje vil gå ned under byggjearbeidet, seier Torbjørn Torske.