Fagerhol sparar ikkje på krutet når ho seier si meining om Vegdirektoratet sine planar for snittmåling i Eiksundtunnelen.

Opnar for råkøyring

På oppdrag frå Vegdirektoratet har Statens vegvesen planar om å innføre snittmåling frå Eiksund til botnen av tunnelen, og frå botnen av tunnelen opp mot Sørestranda. Samstundes vil dei ta vekk fotoboksen som knipsar fartssyndarar på veg mot Eiksund.

Dette vil altså føre til at folk som kjem frå Eiksund vil få snittmåling heile vegen, medan det er fri bane i motsett retning. Ein råkøyrar frå ytre vil til dømes kunne køyre roleg gjennom tunnelen til Sørestranda, snu før bommen og køyre i full fart tilbake, vel vitande om at kysten er klar.

Fryktar høg fart

Ordførar Gudny Fagerhol, som i fleire år har kjempa for betre fartsmåling i tunnelen, er vonbroten over at dette vert mogleg.

– At dei skal fjerne fotoboksar vil føre til at det vert ei skikkeleg «fartsbombe» i eine retninga. Eg håper dette vert teke omsyn til. Ein må lage ei ordning som vert betre enn dette. Det må kome ei løysing som er trygg og god. Det må ikkje verte slik at ein berre treng passe seg eine vegen, for så å køyre så fort ein vil tilbake. Eg veit ikkje kva for konsulentar som har tenkt ut dette, men det er heilt håplaust og lite gjennomtenkt, seier Fagerhol.

Har teke kontakt

Fagerhol seier ho har fått mange reaksjonar på den planlagde snittmålinga, og har teke opp saka med både Statens vegvesen og Justisdepartementet.

– Eg har forklart argumenta våre, og har også vore i kontakt med Tove Lise Torve i Justiskoiteen på Stortinget, seier Fagerhol, som no håper planane vert endra.