Kommunestyret valde å trasse dei statlege etatane, og fjerna ein 1,1 meter høg støyskjerm frå reguleringsplanen for E39 mellom Osborg og Ose i Ørsta.

Miljødirektoratet og fylkesmannen har sett støyskjermen som eit vilkår når dei har gitt løyve til å bruke delar av det verna friluftsområdet på Vekslet til gang- og sykkelveg langs europavegen. Ørsta Camping har klaga på skjermen.

– Eg ser ikkje kva effekt ein slik skjerm har i dette området, sa Karen Høydal (Ap).

– Det kan godt hende dette er uryddig, men det er ikkje ulovleg. Fylkesmannen må ta stilling til om han vil klage på vedtaket til kommunestyret, sa Gunnar Knudsen (V).

Etter eit fellesframlegg vedtok kommunestyret samrøystes å fjerne støyskjermen frå reguleringsplanen. Den tosidige gang- og sykkelvegen vil dei behalde.