Ørsta og Volda kommune har vedteke å gå inn i nærare samtalar om ei eventuell kommunesamanslåing, og arbeide fram ein intensjonsplan.

Det er med bakgrunn i dette Fylkesmannen i Møre og Romsdal no tildeler 100.000 kroner i skjønsmidlar. Pengane er øyremarka til reformarbeidet mellom dei to kommunane.

– Fylkesmannen forventar at midlane blir brukte til å skape god politisk og administrativ forankring og til å legge til rette for regelmessige møte mellom kommunane i arbeidet med intensjonsplanen, skriv assisterande fylkesmann Rigmor Brøste i to likelydande tildelingsbrev til kommunane.

Ørsta og Volda kommunar har allereie fått tildelt 200.000 kroner kvar i skjønsmidlar til kommunereforma. I tillegg har kommunane får 50.000 kroner kvar til å involvere ungdom i reforma. Desse pengane kjem i tillegg til den siste løyvinga.

Pengane kjem formelt sett frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og blir utbetalte som ein del av rammetilskotet til kommunane.