Med bortfall av statleg kjøp av flytenester vert det i 2016 fem daglege avgangar frå Hovden til Oslo frå måndag til torsdag.

- Med bortfall av statens kjøp på denne ruta og nedgang i trafikken er det heilt nødvendig å gjere justeringar, fortel kommunikasjonsdirektør i Widerøe, Richard Kongsteien.

- Med desse tilpassingane vil Hovden framleis ha gode samband til Oslo med fem daglege avganger måndag til torsdag, fire fredag og søndag og ein avgang laurdag, seier Kongsteien. I dag er det seks daglege avgangar til Oslo. Avgangen klokka 13 er teken vekk neste år.

Maksimalprisane mellom Ørsta/Volda og Oslo vil bli lagt på same nivå som prisane mellom Ålesund og Oslo, medan dei lågaste prisane vert uendra.

- Historisk har prisane på strekninga vorte halde låge gjennom Statens kjøp av flytenester. No som ruta er ute av tilbodet blir prisene tilpassa den øvrige flymarknaden, i eit forsøk på å få ruta drivverdi, seier Richard Kongsteien.

Kapasitet Berre den siste månaden har trafikken mellom Ørsta/Volda og Oslo gått ned med meir enn 9 prosent.

- Hovudårsaka er lågare aktivitet i oljesektoren der trafikken for selskapets største kundar på Sunnmøre har hatt ein nedgang på over 8 prosent det siste året, seier Widerøe i ei pressemelding.