– Det er over 30 år sidan Sunnmøre Mållag hadde vore tusen medlemer. Det er verkeleg gledeleg med ei slik medlemsvekst! Vi ser at det er mange medlemer som bidreg, fortel Magnar Storøy, leiar i Sunnmøre Mållag. Det er tolv aktive lokallag i Sunnmøre Mållag. I Ålesund er det i gang arbeid med å få ny aktivitet i Borgund Mållag.

Sunnmøre Mållag er eitt av tre fylkesmållag for medlemer i Noregs Mållag som bur i fylket. Dei to andre er Nordmøre Mållag og Romsdal Mållag. Samla sett er det over 1500 medlemer i fylket.

– I Møre og Romsdal er det nær 16 500 nynorskelevar og i Noreg er det kring ein halv million nordmenn som reknar nynorsk som sitt språk, seier Magnar Storøy.

– Vi arbeider for at alle skal kunne bruke nynorsk, og at det skal vere lett å til dømes vere nynorskelev. Fleire medlemer gjer Noregs Mållag til ein sterkare organisasjon. Di fleire vi er, di sterkare står nynorsken, seier Magnar Storøy.

I dag har Noregs Mållag 12 914 medlemer. Målet for i år er å nå 13 000 medlemer. Det er nesten 3000 fleire enn for ti år sidan.

– Vi er svært takksame for alle nye så vel som gamle medlemer, seier Magnar Storøy.