– Det ligg kaldluft over store delar av landet, som fører til spreidde byer, særleg i nord og langs vestlandskysten. Temperaturen er såpass låg at mykje kjem som sludd og snø, og i periodar som regn langs kysten. Austlandet ligg litt i le for dette lågtrykket, og slepp stort sett unna nedbøren i dag og i morgon, seier vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Martin Granerød.

Den same vêrtypen kan ein vente seg torsdag. Då er det derimot lov til å håpe på litt sol både på Vestlandet og Austlandet, ifølgje meteorologen.

Helgevêret vil bli mildare

Inn mot helga er det venta eit lågtrykk sør i landet på fredag, noko som vil føre til snø på Austlandet og i dei indre strøka.

– Det ligg an til å bli opphaldsvêr nord for Stad og Dovre, og moglegheiter for gløtt av sol i desse strøka på fredag.

På laurdag vil det komme eit nytt lågtrykk som kjem til å breie seg over heile landet. Det vil minke utover dagen, men antakeleg føre til regn i enkelte område, og sludd og snø i indre strøk.

– På søndag går det over til byevêr langs heile vestlandskysten og i mange område nord for Stad. Austlandet ligg litt i le på søndag, og det vil bli mykje skyer, men det er moglegheiter for at sola tittar fram i ny og ne, forklarer Granerød.

Skiføre over heile landet

Det er skiftande vêr dei neste dagane over heile landet, men torsdag peikar seg ut som ein vêrvinnar sør i landet, medan fredag vil bli den beste dagen vêrmessig nord i landet.

– Det er gode moglegheiter for fine skiturar over heile landet, særleg dei neste par dagane.

Det vil bli kaldt dei neste dagane inn mot helga, og mildare i den første helga i februar.

(©NPK)