15. desember går startskotet for Stikk UT! Vinter 2023, som med 349 turmål er større enn nokon gong. Når vinteren og kulda kjem krypande senker mange tempoet og friluftsråda håpar Stikk UT! no kan motivere fleire til å kome seg ut på tur på vinterstid, heiter det på heiemsida til Ørsta kommune.

I tillegg til 142 skiturar er det denne vinteren heile 207 fotturar med. Alle kommunane i Møre og Romsdal, samt Heim og Lesja/ Bjorli, er med og byr dermed på den største Stikk UT! Vinter nokon gong.

– Ta på varme klede, fyll sekken med varm drikke og godsaker og finn di vinterperle, er oppfordringa frå dei to friluftsråda i fylket.

– Med fleire tilgjengelege fotturar i tillegg til ski, vil vi nå gjere eit forsøk på å aktivisere endå fleire i den tida på året då vi treng det mest, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal som i januar tek over jobben som leiar for Stikk UT! etter Marte Melbø.

– Årets sommarsesong viste oss at folk brukar Stikk UT! som motivasjon til å kome seg ut på tur, også når vêret ikkje er på sitt beste. Så no håpar vi at mange vil bruke Stikk UT! til å kome seg ut også i den kalde, mørke årstida, seier Hilde Ellingsæter som er prosjektleiar for Stikk UT! i Sunnmøre Friluftsråd.

Ørsta

Daleteigane, Ørsta

Elvaråsa Barstadvik

Fonnvernet

Gapahuken mot Osdalen

Gapahuken på langrennsstadion, Bondalseidet

Gapahuken Skåla

Hjartebenken (ny)

Hustadneset

Høgetua rundtur (ny)

Melssetra (ny)

Okla (Pølsa)

Osberget

Rjåneset

Vielvbrua, lysløypa Bondalseidet

Ytrehovdeåsen, rundtur (ny)

Åmskaret, Ørsta

Volda

Andaneset

Botnasanden (ny)

Bruasætra - Hornindal skisenter

Dinglavatnet (ny) skitur utanfor preparert løype

Elvadalen til Årneset

Fyrde-Sundalen rundt (ny)

Gapahuken på Lid

Gildrehammaren

Grinda (ny)

Heltnelihuken

Hornindalssætra - Hornindal skisenter

Høgåsen i Hjartåbygda

Kalsethola

Kalvatn-Osdaldammen (ny)

Krumsvikneset (ny)

Lysløypa, Hornindal skisenter

Lysløypa, Volda skisenter

Melshornet - skitur utanfor preparert løype

Nakkebruna, dagsturhytta på Grodås

Panoramavegen i Volda

Rotevassetra - skitur utanfor preparert løype

Storesætra - Hornindal skisenter