Det fortel Ørsta folkebibliotek i ei pressemelding.
Juleroser er ein tradisjon som starta i København i 1881, og som raskt spreidde seg til alle nordiske land. Etter andre verdskrig døydde tradisjonen med litterære julehefte ut, heilt til Herborg Kråkevik, Samlaget og Egmont tok oppatt denne tradisjon i 2015. Innhaldet i Juleroser er ei blanding av nyskrivne tekstar frå nokre av dei fremste forfattarane våre, moderne biletkunst, nostalgisk jul og estetikk frå vår eiga tid. Heftet har hatt nyskrivne bidrag frå mellom andre Herbjørg Wassmo, Suzanne Brøgger, Siri Hustvedt, Vigdis Hjorth og Karl Ove Knausgård. Biletkunstnarane Ørnulf Opdahl, Håkon Bleken, Bit Vejle, Marianne Heske, Håkon Gullvåg og Per Kirkeby har òg vore med i heftet. Kvart år lagar ein artist ein rykande fersk julesong til heftet – og i år er det Daniel Kvammen sin tur med songen «Frosne hjarte». Elles er årets hefte fullt av kvalitetsbidrag frå Hennar Majestet Dronning Margrethe av Danmark, Linn og Hanna Ullmann, Sissel Kyrkjebø, Gaute Heivoll og Kjartan Fløgstad med fleire. I denne Julerose-stunda på biblioteket vil Herborg lese frå heftet, fortelje om arbeidet med det - og kanskje syngje ein julesong saman med dei frammøtte.
Det vil bli sal og signering av Julerose-hefte.
Arrangementet er ein del av programmet som Ørsta folkebibliotek tilbyr i samarbeid med Litteraturhus i Møre og Romsdal.