Forfattaren var kledd i kjole og kvitt, og for høvet hadde han teke på seg sin St. Olavs Orden som han fekk i 2005. På brystet hans var festa medaljen som han fekk då han vart riddar av Den franske nasjonale fortenesteorden i 2003.

Han fekk prisen på scena av kong Carl Gustaf av Sverige og var nest sist i rekka av vinnarane i år til å tre fram for å få sin gjæve pris.

Etterpå spelte orkesteret «Anitras dans» frå Peer Gynt av Edvard Grieg til ære for den norske nobelprisvinnaren, som altså er den fjerde nordmannen som får nobelprisen i litteratur. Fosse føyer seg no inn i rekka saman med Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun og Sigrid Undset.

– Han bruker dei enklaste orda

Jon Fosse er ingen vanskeleg forfattar, men ein som bruker enkle ord til å ordleggje universell tematikk, sa professor Anders Olsson i Svenska Akademien før Fosse fekk prisen.

– Han bruker dei enklaste orda og skriv om opplevingar vi alle kan relatere oss til: separasjon, død og sårbarheita til kjærleiken. Alle vanskar med Fosse dreier seg heller om vi er klare for å opne oss for den eksistensielle uvissa han stadig berører.

– Jon Fosse er den første nobelprisvinnaren i litteratur som har skrive på nynorsk. Til liks med den store norske forgjengaren sin Tarjei Vesaas kombinerer han sterke lokale band med ei tru på moglegheitene til samtidslitteraturen. Han vik unna det vi kan betrakte som ei definitiv formulering, noko som gjer det nesten umogleg å sitere han.

Norsk fisk på menyen

Seinare på kvelden er det duka for bankett med pomp og prakt i rådhuset i byen, der Fosse også vil vere til stades. Han skal sitje ved sida av prinsesse Christina Fru Magnuson og Sveriges kulturminister, ifølgje Bergensavisen. På menyen står norsk fisk, skriv avisa.

Blant dei som også er på plass i Stockholm, er kulturminister Lubna Jaffery (Ap), og dessutan Fosses forleggjar, Samlaget-sjef Håkon Kolmannskog.

Her heime vart prisutdelinga strøymd på Litteraturhuset i Oslo, som i desse dagar har hatt ei rekke Fosse-arrangement over fleire dagar. Også i Strandebarm i Hardanger er det stor fest.

Nobelprisane i fysikk, kjemi, medisin og økonomi vart også delt ut. Der fekk mellom anna ungarske Katalin Karikó og amerikanske Drew Weissman nobelprisen i medisin for arbeidet sitt med utviklinga av covid-19-vaksinar basert på RNAteknikk.

Grudde seg og var nervøs

Fosse har vore i Stockholm over fleire dagar, og torsdag halde han nobelforedraget sitt.

Han har gitt få intervju i samband med nobelveka, men sa til det svenske nyheitsbyrået TT at han grudde seg veldig og var forferdeleg nervøs.

Forfattaren takka nei til fleire av arrangementa, men besøkte fredag biblioteket i Stockholm-forstaden Rinkeby. Det har vore tradisjon sidan 1988 at litteratur-prisvinnaren besøkjer biblioteket. Der møtte Fosse barn som hadde lese bøkene hans, og forfattaren var tydeleg rørte etter at barna song for han, ifølgje VG.

«Jeg ser fram mot å treffe deg. Jeg vet at du er veldig sjenert, men det går bra, vi er også det», heiter det i ei av helsingane frå eit barn ved namn Asli.

(©NPK)