Saka om prestebustaden vart teken opp på formannskapsmøtet tysdag.

Det skjedde etter at eit knapt fleirtal i samfunnsutvalet to gonger har sagt ja å gje dispensasjon frå plan- og bygningslova, slik at bustaden kan leggjast ut på den opne marknaden.

Det siste vedtaket var som lekk i ei klagesak, og der saka går til statsforvaltaren dersom ikkje kommunen gjer om vedtaket.

No kan det skje, for formannskapet ber kommunestyret om å ta saka opp til handsaming. Formannskapet har inga tilråding, for når det gjeld dispensasjonssaker, har ikkje formannskapet mynde til å overprøve samfunnsutvalet.

– Det kan vere klokt at kommunestyret tek tak i denne saka. Mellom anna fordi det er usikkert om vedtaket i samfunnsutvalet er i tråd med tidlegare kommunestyrevedtak, og fordi saka har konsekvensar for framtida til Sæbø sentrum, sa Marit Aklestad (SV).