I førre veke vart det kjent at Widerøe gjer kutt i flytilbodet på Hovden. Kutta har vore varsla, og kjem som ein konsekvens av at staten tek vekk subsidiane på Oslo-ruta og ein generell nedgang i flytrafikken.
– Dette var betre enn vi kunne frykte. Widerøe har alltid vore positive til å sjå an marknaden når dei gjer endringar, og vi får moglegheit til å kommunisere ønska våre til dei, seier Odd Magne Vinjevoll. Han er dagleg leiar i Ørsta næringskontor og sekretær for Utviklingsforum for Hovden lufthamn.
Færre avgangar
Når det nye ruteopplegget blir innført frå 1. april neste år, mistar ruta ein dagleg avgang frå måndag til torsdag og to på fredagar.
Widerøe justerer på Hovden
Dermed blir det fem avgangar kvar veg frå måndag til torsdag og fire på fredagar. Laurdag blir det éin avgang og søndagar fire avgangar.
– Dette er ein frekvens som bør vere til å leve med for dei reisande i næringslivet, seier Vinjevoll.
Dei siste åra har trafikken på Ørsta Volda lufthamn, Hovden auka kraftig, ikkje minst som følgje av at Eiksundsambandet har gjort flyplassen meir attraktiv for næringslivet på Ytre Søre. Medaljens bakside er at trafikken no svingar meir i takt med konjunkturane i dei oljerelaterte næringa ved kysten.
– Men så har vi heldigvis eit næringsliv i Ørsta som går bra og brukar flyplassen flittig. Det kan vege opp for noko av svingingane, seier næringssjefen.
Kan ikkje gå så mykje lågare
No er han oppteken av at rutetilbodet held seg på eit godt nok nivå, og å jobbe for lågare prisar for fritidsreisande.
– I næringslivet har tida alt å seie. Flyruta er difor heilt avhengig av ein nokolunde høg frekvens for å vere attraktiv for næringskundar. Eg trur ikkje Widerøe skal kutte så mange fleire avgangar før vi når ei smertegrense, seier Vinjevoll.
Framleis Widerøe til Bergen
Om lag 60 prosent av dei reisande på Hovden er næringskundar.
– Men det betyr jo likevel at minst 40 prosent er fritidsreisande. Desse er også viktige for oss, og vi vil jobbe for at dei som bestiller tidlegare får like billege billettar på Hovden som dei får på Vigra.ir