I samband med bygging av ny kommune har Nye Voldas prosjektorganisasjon denne hausten leita etter ein ny konsulent (arkiv), der 30 prosent av stillinga er knytt til personvernombod, skriv Volda kommune på si heimesdie

Valet falt på Silje Klepp frå Volda, som no også har takka ja til stillinga.

Silje er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen og har mellom anna fleire års erfaring som advokatfullmektig.

35-åringen har dei siste par åra vore tilsett ved personalkontoret hos Høgskulen i Volda, men kjem no over i fast stilling i Nye Volda kommune.

–Vi er veldig glade for å kunne ønskje Silje velkomen til ny jobb hos oss allereie tysdag 2. januar, skriv kommunen på heimesida si.