Statens vegvesen har søkt kommunen om dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for

«Rjånes friluftsområde» for å få byggje masta.

I samfunnsutvalet var det liten debatt om realitetane i saka, men etter eit forslag frå leiar Inge Kolås (Frp) vert det bedt om at vegvesenet i toppen av masta monterer eit kamera.

– Slik at folk kan få sjå det flotte panoramaet utsikta frå Rjåneset gjev, sa Kolås.

Kven som skal drifte eit eventuelt kamera, vart det ikkje teke stilling til.

Målemasta som er søkt lokalisert yst på Rjåneset skal sikrast/ stivast av med bardunar bolta i fjell og nyttast til kartlegging av vindforholda for planlegging av bru over Vartdalsfjorden.

Sjølve masta er tenkt plassert på ein sokkel av betong, medan bardunane skal festast til fjell med boltar. Planen er at masta skal stå i ein periode på 4–12 år, avhengig av måleresultata.