Gjennom 400 år har strikking vore ein viktig syssel for alle samfunnslag her i landet. Eit nytt praktverk samlar trådane om den norske strikkehistoria og viser fram den store spennvidda i norske strikketradisjonar.
- Strikking har gått i bølgjer. Ved tusenårsskiftet var eg bekymra for at ingen ville læra seg å strikka, men idag er eg mykje meir optimistisk. I dag strikkar folk fordi det er gøy, ikkje fordi dei må, seier strikkebokforfattar Nina Granlund Sæther som gler seg over den store strikkeinteressa rundt om i landet.
Foto: Geir Arnesen