Det kan om ikkje lenge kome veg frå Bjørke til Tyssevatnet. Tussa har fått pålegg om å utbetre fyllingsdammen. Det vil vere eit omfattande arbeid. Dagens plastring ved demninga må vekk, og erstattast med nytt filter og ny plastring.
– Det er ein omfattande jobb som vil krevje mykje stein. Spørsmålet er då korleis vi skal få steinen opp, kommenterer kraftverkssjef Terje Myklebust.
- Ei ny trallebane som vi hadde under utbygginga for femti år sidan er ikkje aktuelt. Då står vi att med to val, anten med å byggje ein veg, eller å ta det opp luftvegen med helikopter. Vi meiner det vil vere mest framtidsretta med ein veg, seier Myklebust.
Dette er i så fall ei utbygging som vil starte ganske raskt, for pålegget ligg der for Tussa.