Tove Halse Digernes (Sp) og Unn Frøland (Sp) seier nemleg det er på høg tid at ein gjev rullebrett-ungdomane i bygda eit alternativ til sentrumsgatene og dei nedslitne rampene ved Kaihuset.

– Ein kaikant er ingen god samlingsplass for ungdommar. Vi veit det er eit stort miljø i Ørsta for både rullebrett og BMX-sykling, så no vil vi ta opp saka i kommunestyret, og oppmode ungdomane sjølve om å ytre ynska sine overfor resten av politikarane, seier Digernes.

Føremoner

Både ho og Frøland er samde om at der er mange føremoner med å gjere Hamnepark-området om til rullefjøl- og sykkelentusiastane sitt mekka.

– Det er for det fyrste eit betre alternativ for tryggleiken sin del. For det andre vil ein sentral samlingsarena gje ein signaleffekt som viser at Ørsta har tilbod for ungdom som faktisk vert nytta av mange, seier Digernes.

Dersom ein skal vente på at parken vert laga i samband med fleirbrukshallen, slik reguleringsplanen tilseier, trur dei ikkje tilbodet vert realisert før ungdomane er vaksne.

Dermed har dei dårleg tid med å få gjennomslag for saka.

– Mange ser på skatarane som ein litt lyssky gjeng som driv skadeverk og fanteri, men det er ikkje sant. Dei treng berre eit tilbod, og det trur eg politiet også er samde i, seier Frøland.

Vil lytte til ungdomen

27. oktober er det kommunestyremøte, og Digernes og Frøland vil då leggje fram forslaget om skatepark.

– Korleis vil de finansiere tiltaket?

– Det kan gjerast på mange måtar, både gjennom sponsing, spelemiddel og kommunale tilskot. Vi kjem til å utarbeide ein økonomiplan, seier Digernes.

I mellomtida vil politikarane ha tilbakemelding frå ungdomen om kva dei ynskjer.

Det er både Martin Aklestad (13), Stian Lande (14) og Gard Øye (14) klare til å fortelje.

Dei har i likskap med ein stor del av venneflokken sin utvikla ein hugnad til både rullebrett og BMX, og ser på det som svært gledeleg at draumen om skateparken byrjar å manifestere seg framfor auga deira.

Etterlengta

– Dette har eg ynskja sidan eg byrja med skating i femte klasse. Dersom vi får gjennomslag for nytt anlegg, håper vi både på «quarterpipes», «halfpipes» og «funboxes», seier Lande, og får støtte frå skulekameratane sine.

Dei kan fortelje at dei ofte er 20–30 ungdomar ved dei falleferdige rampene på Kaihuset, og at anlegget også lokkar folk frå Hovdebygda.

– Interessa er såpass stor at det ofte vert kø for å nytte dei gamle rampene, som vi tykkjer er litt farlege. Amfi er allereie ein samlingsplass for oss, og dermed ei god plassering for ny skatepark.

– Vi tykkjer ungdomen fortener betre, seier Frøland.