– Det er ei god sak LPP (Landsforeninga for pårørande innan psykisk helse) Søre Sunnmøre tek opp om å få eit brukar- og pårørandeutval ved Viketunet, seier Karen Høydal i Ørsta Arbeidarparti.

– Dersom kvaliteten på tenestene til brukarane skal utviklast, er samarbeid med brukarorganisasjonane heilt nødvendig. Medverknad på individnivå har så smått kome i gang, men på systemnivå har det ikkje så langt vore god struktur på, seier Høydal.

Ho fortel at det er gode erfaringar med brukarutval i helseføretaka.

– Ørsta kommune skal etter kvart gjennomføre brukarundersøkingar for å få fram kva som er viktigast for brukarane. Når statusen blir kartlagt, må tiltak i gang setjast, elles vil tilliten til systema bli svekka. Eit godt samarbeid med brukarorganisasjonane vil gi sakene betre heilskap. Ulike partar må bli høyrde, seier Høydal.