Klokka 02.30 natt til søndag stoppa politiet ein mann i 20-åra etter mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Mannen vart teken med til prøvetaking, og ifølgje operasjonssentralen til Sunnmøre politidistrikt vert det oppretta sak.

I Volda klokka 00.30 vart ein mann kasta ut av ein utestad etter bråk. Han valde ikkje å følgje pålegget frå politiet, og litt seinare vart mannen framstilt for lege då den psykiske tilstanden til mannen ikkje var heilt god. På Volda sjukehus knuste mannen ei rute, og han vart etter kvart innlagt på psykiatrisk avdeling.