Det var i juni i fjor at Toppgir Bil AS vart skipa i Hovdebygda. Bilforhandlaren deler lokale med Toppgir AS, som driv med verkstadtenester gjennom AutoMester-kjeda. Såleis utfyller dei to bedriftene kvarandre i eit samarbeid.
Det er innbyte av bilar, kommisjonssal for kundar, og eige innkjøp av bruktbilar bedrifta satsar på.
– Bruktbilmarknaden aukar i omfang, og vi opplever stor etterspurnad frå kundar som ønskjer innbyte ved sal av bil. Det er krevjande for dei som ønskjer å selje bilen privat. Vi meiner vår teneste gjer det enklare for seljar og tryggare for kjøpar, seier Vegard Bjørneset, som er tilsett for å ta seg av den daglege drifta av Toppgir Bil.
Enklare sal
For tida har han inne atten bilar, der femten vert seld på kommisjon for kundar. På den måten, slepp kundane ein del papirarbeid og eventuelle reklamasjonar i etterkant av salet.
– Som forhandlar kan vi skilte med bruktbilgarantiordningar som private ikkje har. Då er det greitt å ha samarbeid med fagfolk på verkstaden vegg-i-vegg, der eg kjøper tenester som tilstandsrapportar, taksering, og får prisestimat på eventuelle reparasjonar. Skal ein selje bruktbilar utan å ha tilgang til ein verkstad som kan gje tilstandsrapportar, står ein på ganske bar bakke, meiner Bjørneset.
Går for dobling
– Etter eitt års drift, korleis er det å vere bilforhandlar?
– Målet for neste år må vere å doble salet. Då kjem vi opp på eit fornuftig nivå med tanke på omsetnad og inntening. Vi byrjar å verte kjende, og merkar at fleire og fleire kjem innom for å prøvekøyre bilar. Vi selde i underkant av førti bilar det første driftsåret. Vi skulle gjerne selt meir, men no har vi fått eit betre system og ei større kundegruppe, seier Bjørneset.
Han legg til at mange kundar opplever det som enklare å kjøpe gjennom forhandlar.
– Om kunden sit i Oslo, kan det vere risikabelt å ta fly og bruke tusenvis av kroner på reise hit for å sjå på ein bil som vert selt privat. Med forhandlar er det tryggare, for ein får tilstandsrapportar og garantiar. Så kan ein ta alt av signering og finansiering per e-post. Med privatsal, er marknaden ein mindre del av Noreg enn gjennom forhandlar, meiner Bjørneset.