Også i årets fjerde månad var det stor vekst i passasjertrafikken på Hovden. Det reiste 2.187 fleire passasjerar enn i same månad i fjor. Det er ein vekst på 25,3 prosent.

Akkurat i desse dagar er flyplassen streikeråka fordi Widerøe sine kabintilsette er i arbeidskonflikt. Det gjer nok at tala for mai ikkje vil vise same veksten. Dessutan ar det i mai i fjor at nye ruter kom på plass, og passasjertrafikken for alvor gjekk til vers.

Men i mellomtida kan flyplassen glede seg over gode apriltal, og gode til for dei fire fyrste månadene samla.

Så langt i år har 40.970 passasjerar reist til og frå Hovden. Det er ei vekst på 25,8 prosent samanlikna med fjoråret. Det er 8.390 fleire passasjerar til og frå Hovden ved utgangen av april enn det var på same tidspunkt i 2012.

Det var 274 passasjerar som mellomlanda på Hovden i april. Det gjev ein totaltrafikk på 11.113 passasjerar.