Fire idrettslag får til saman 28.000 kroner i kommunalt tilskot.

Håvoll IL får 6000 kroner til lys til den nye ballbingen, Ørsta IL får 10.000 til kunstgras og friidrett, Sæbø IL får 4000 til klubbhuset og ballbingen - og Hovdebygda ILfår eit tilskot på 8000 kroner til kunstgrasbana.

Kommunen har i samband med søknader om spelemidlar til idrettsanlegg teke på seg eit medansvar for vedlikehald av desse anlegga. No prøver kommune å imøtekome ansvaret ved å gje mindre tilskot.

Fem søkte

Det kom inn fem søknader om tilskot. Alle søkjarane får pengar bortsett frå Åmdal IL som søkte midlar til nye bord på klubbhuset. Dette fell utanom tildelinga av spelemidlar.

Viktig

- Det er viktig at kommunen har ei slik tilskotsordning. Det er ikkje store tilskot som vert utdelte, men dei kan utløyse tiltak og frivillig innsats som er verdt mykje meir enn kroneverdien på tilskotet, vurderer rådgjevar innan kultur- og fritid i kommunen, Jostein O. Mo.

Pengane til laga vert utbetalt når det omsøkte tiltaket er gjennomført.

Levekårsutvalet hadde saka på bordet sist veke og vedtok samrøystes innstillinga frå rådmannen.