Dale har den siste veka vore tett på forhandlingane mellom Høgre og Frp på Sundvolden. Som ein av fem rågjevarar, har han i forhandlingsprosessen kome med innspel og hjelp til Siv Jensen, Per Sandberg, Ketil Solvik-Olsen og Finn Egil Holm.

Måndag vart den nye regjeringsplattformen klar, med Frp i regjeringsposisjon for første gong.

Dale seier seg nøgd med resultatet dei har forhandla seg fram til gjennom ei intens veke.

– Vi har levert ein politisk plattform med tydelege sigrar til Frp. Det gjeld justispolitikken, helsepolitikken, innvandringspolitikken og samferdselspolitikken. Difor meiner eg vi har eit godt grunnlag å gå i regjering på, så vil vi samarbeide tett med Stortinget for å få gjennomslag for det regjeringa i fellesskap står bak, seier Dale, som har helsepolitikk som sitt spesialfelt. Dalsfjordingen er klar på at partiet no skal halde valløfta sine.

– Det Frp har sagt før valet, gjeld også etter valet. Vi har vore tydelege i sakene i mange år. Regjeringserklæringa seier det ikkje skal gjerast endringar i akutt- og fødetilboda fordi helseføretaka manglar pengar. Bereskap er viktig for alle, og føreset at dei ikkje endrar det basert på økonomiske bindingar.

– Ikkje endringar

– Kan du love at sjukehuset i Volda skal bestå slik som i dag?

– Sjukehuset i Volda har levert høg kvalitet til pasientane i årevis. Føresetnaden for at Volda sjukehus sine akutt- og fødetilbod skal bestå, er at dei held fram med det. Så lenge dei leverer kvalitet, vil det ikkje skje endringar i akutt- og fødetilbod før ein nasjonal helseplan eventuelt er lagt fram. Det er ei tydeleg semje når ein seier økonomiske innsparingar ikkje skal vere grunnlag for endring.

Olje i nord

– Kva i forhandlingane er du ikkje nøgd med?

– At vi tapte spørsmålet om Lofoten og Vesterålen. Vi hadde lova veljarane å kjempe for opning av Lofoten og Vesterålen ved å byrje med konsekvensutgreiing. Det skulle vi ønske vi kunne halde. I samarbeidsavtalen sikra vi eit breitt parlamentarisk grunnlag som gir styring til å få gjennom dei andre temaa, seier Dale.

– Ta det med ro

Han er elles nøgd med kursen den nye regjeringa har lagt seg på.

– Det er mange konkrete lovnader, medan andre er meir vage. Men totaliteten viser at det var hjelp i å få oss i regjering. Det er første gong det vert snakka om deregulering i det omfanget vi ser i regjeringserklæringa. Det er fordi vi sit der. Og dei som har varsla dommedag gjennom heile valkampen, kan ta det med ro. Vi har fått ein politisk plattform som H/Frp står bak, og ein samarbeidsavtale som vil ta Noreg i ei ny retning som gir større valfridom, mindre regulering og større fokus på kjerneoppgåvene i staten. Dette betyr betre helsetenester, betre infrastruktur, større satsing på politi og bereskap og mindre detaljregulering av folk sin kvardag, lovar Frp-politikaren.

Jon Georg Dale (Frp) lovar at det ikkje skal gjerast endringar i akutt- og fødetilbodet ved Volda sjukehus så lenge dei leverer kvalitet.