Ved utgangen av februar er det atten færre heilt utan arbeid enn det var ved utgangen av januar.

Tala frå Nav i Møre og Romsdal syner at det ved utgangen av februar var 104 personar heilt utan arbeid i Ørsta. Det er altså atten færre enn for ein månad sidan, og ein færre enn ved utgangen av same månad i fjor.

Arbeidsløysa i Ørsta er no på 1,9 prosent.

I Volda er arbeidsløysa på 1,7 prosent. Ved utgangen av månaden var det 77 personar heilt utan arbeid, og det er ein person færre enn for ein månad sidan, og ein person meir enn for eitt år sidan.

I Ørsta er det 63 menn og 41 kvinner heilt utan arbeid, medan tilsvarande tal for Volda er 46 menn og 31 kvinner.

I Møre og Romsdal samla var det ved utgangen av februar 3.078 heilt arbeidsledige, noko som utgjer 2,3 prosent av arbeidsstokken. Arbeidsløysa vart redusert med 179 personar den siste månaden.

I heile landet er det no ei arbeidsløyse på 2,9 prosent. Det vil seie at 77.872 personar er heilt utan arbeid.