Tidlegare i år skreiv Møre-Nytt at gravearbeidet skulle starte opp i slutten av april i år, og at butikken skulle opne til jul.

– Det er ikkje noko spesielt som gjer at det har vorte forseinka, ting tek berre litt tid. Men alle avtalar er skrivne og alle papir er i orden, så no er vi klare til å kome i gang, seier kjøpmann Hermann Vatne.

Vêravhengig

Han og kona Jorunn Vatne har drive Rema-butikken på Ose sidan august 2000, men treng betre og meir gunstige forhold for butikken. Difor vert det nybygg, om lag rett over vegen for dagens butikk, ved sida av Coop Prix. Arealet vert på vel 1.500 kvadratmeter.

– I første omgang legg dei om fylkesvegen frå krysset mot Melsbygda. Når vi så får tilkomst til tomta vil vi kunne starte skikkeleg opp, seier Vatne.

Nokon julehandel i ny butikk kan altså ikkje kundane vente seg i år, men den gamle held koken til den nye er klar til opning, ein gong i løpet av 2014.

– Eg kan ikkje seie det meir presist. Vi veit kva kalenderen seier, men så lenge vi unngår tele i jorda kan vi kome oss eit godt stykke på veg.

Når molda er vekke skal det leggast masse på tomta.

– Og det er visse krav som må oppfyllast i forhold til kor høgt vi må i forhold til kva butikken skal tole av flod frå elva. Er det telefritt vil dette gå veldig greitt, men det vert spennande å sjå framover, Mykje skal klaffe i høve vêret, seier Vatne.

Kjøpmann Hermann Vatne viser fram planane for den nye butikken (arkiv).