Av alle 17 fylka i Noreg er det berre Sogn og Fjordane som har ein lågare del melde lovbrot per 1.000 innbyggjarar enn Møre og Romsdal.

I snitt vart det meldt 44,6 lovbrot per 1.000 innbyggjarar i Møre og Romsdal i perioden 2011–2012. Det er under ein tredjedel av raten for Oslo, som toppar tabellen med 146,4 melde lovbrot per 1.000 innbyggjarar.

Landet under eitt har eit snitt på 75,2 melde lovbrot per 1.000 innbyggjarar.

Definisjon

Melde lovbrot er definert som alle lovbrot registrert av politiet. Statistikken over melde lovbrot er delt inn i to ulike kategoriar: brotsverk (forbrytelse) og regelbrot (forseelse).

Eit lovbrot er normalt ei straffbar handling av grovare slag enn eit regelbrot. Normalt er alle straffbare handlingar eit brotsverk dersom dei har ei strafferamme på meir enn tre månaders fengsel. Andre straffbare handlingar er regelbrot.

Auke i Ørsta og Volda

Talet på brotsverk i Ørsta auka frå 2011 til 2012 med nesten seks, frå 15 til 20,9. Talet på regelbrot auka frå 14,5 til 16,6. Totalt vart det registrert 29,5 lovbrot i 2011 mot 37,5 i 2012.

I Volda vart det registrert 22,6 brotsverk i 2011, mot 26,5 i 2012. Talet på regelbrot gjekk derimot ned frå 14,3 til 13,5. Totalt vart det registrert 36,9 lovbrot i Volda i 2011, og 39,9 i 2012.

I Møre og Romsdal er «anna vinningskriminalitet» saman med trafikkriminalitet dei oftast melde lovbrota.

Dei utgjer til saman over 50 prosent av alle melde lovbrot. Valdskriminalitet og narkotikakriminalitet utgjer høvesvis 11,7 og 8,6 prosent, medan andre lovbrot (økonomiske, seksuelle, skadeverk, miljø- og arbeidsmiljøbrot) til saman utgjer 26 prosent.