Hovden viser til uttalar frå styreleiar i Tussa, Svein Gjelseth, som meiner det vil vere uproft av Tussa-styret å dele ut utbyte i det heile då konsernet leverte eit underskot på 16 millionar kroner i fjor.
Usamd
Oddmund Hovden er sterkt usamd i Gjelseth sine vurderingar.
– I fylgje rekneskapen for 2010, har Tussa nær 30 prosent eigenkapital. Totalt er eigenkapitalen på ca. 538 millionar kroner, og av dette er ca. 191 millionar fri eigenkapital, forklarar Hovden og held fram:
– Trekkjer ein frå fjorårsunderskotet på 16 millionar, sit Tussa att med ein fri eigenkapital på 175 millionar. Det vil vere klokt å bruke t.d. 60 prosent av det normale som utbyte i år, og det vil framleis vere igjen rikeleg med fri eigenkapital, seier Hovden.
Han meinar også at ein bør selje deler av eigne aksjer som vart kjøpt frå Tafjord Kraft.
– Det vil gje pengar i kassa.
Bra jobb
Industrigrunderen i Ytre Hovden understrekar at han synest styret i Tussa generelt sett gjer ein bra jobb, og rosar Tussa for deira kreativitet og vilje til satsing i marknaden.
– Det eg ikkje skjønar er kvifor kommunane som eigarar berre vel inn politikarar i styret. Det må også gå an å få inn eksterne styremedlemmer med kompetanse på t.d. satsingsområda, industrileiing og økonomistyring. På generelt grunnlag kan ein seie at det er styret som skal bestemme, ikkje administrasjonen. Er styret svakt, kan det lett bli “nikkedukker” for administrajonen, forklarar Hovden.
Audmjuk
Han er svært audmjuk for det Tussa har fått til, og understrekar at han ikkje har kompetanse til å fortelje Tussa om korleis dei skal tene meir pengar.
– Selskapet har tilført Ørsta-samfunnet mykje kompetanse og mange arbeidsplassar som har gjeve skattekroner til kommunen. Likevel må ein kunne stille spørsmål om kostnadseffektivitet slik at ikkje overskotet i kraftproduksjonen må dekkje underskotet på dei andre satsingsområda, meiner Oddmund Hovden.
Sideprosjekt
Han synest det må vere lov å stille spørsmål til Tussa sine sideprosjekt, og korleis desse vert drivne, då det er samfunnet sine pengar som vert nytta.
– Det er sagt av Tussa-leiinga, at det vil ta nokre år før desse vert lønsame.
Hovden meiner at Tussa no bør ransake seg sjølv og finne ut om konsernet kan gjere interne tiltak som kan få opp lønsemda, slik det ofte er vanleg i andre bedrifter med raude tal. Kostnadskutt er eit av mange tiltak.
Eigedomsskatt
Nokre foreslår innføring av eigedomsskatt for å berge kommuneøkonomien som resultat av at Tussa-styret ikkje vil gje utbyte.
– Trur ein nyetablerarar vil kome til Ørsta viss kommunen innfører eigedomsskatt? Ein slik skatt vil føre til generelt lågare skatteinntekter, m.a. fordi det vert mindre etablering og nyskaping i kommunen. Samtidig vil dette gå utover bedrifter som slit, åtvarar Hovden. Uansett vil ikkje eigedomsskatt hjelpe kommuneøkonomien for 2012.
Fond
Han registrerer at ordførar Rune Hovde ynskjer at det vert oppretta eit fond i regi av Tussa, der ein kan hente pengar til utbyte i høve spesielle hendingar som t.d. orkanen Dagmar. På den måten vil eigarkommunane sikre seg stabile utbyte kvart år, har ordføraren sagt.
– Å opprette eit slikt fond er unødvending. Tussa sin eigenkapital er fond godt nok. Det overskotet som ikkje går til utbyte, vert tillagt eigenkapitalen og delar av den kan gå til utbyte i eit dårleg år.
Generalforsamlinga
Oddmund Hovden er spent på korleis generalforsamlinga vil verte i slutten av månaden no når det må seiast å ha spissa seg til mellom enkelte av eigarkommunane og Tussa som følgje av null utbyte-vedtaket frå styret.
– Generalforsamlinga bør ikkje leggje seg flat, oppmodar industrimannen.
– Det er synd om Tussa får stempel på seg for å vere syndebukken for at Ørsta får eigedomsskatt. Det fortener dei ikkje, med dei store inntektene kommunane på Søre har fått av Tussa i mange år, meiner Oddmund Hovden.