Det sa dagleg leiar Jon Endre Vartdal på Vartdal Plast då Ørsta formannskap torsdag besøkte det som må kallast ei mønsterbedrift som har 50 år bak seg utan raude tal.
Innblikk
Politikarane fekk eit grundig innblikk i bedrifta og kva ho driv med. Og det vart halde både synfaring i fabrikkbygningane før leiinga orienterte om selskapet og elles bar fram diverse meiningar som også galdt Ørsta og utviklinga i framtida.
Jon Endre Vartdal peika på det viktige med lokalt samarbeid mellom kommune og bedrifter i Ørsta, då dette kunne bidra til at også bygdene fekk den utviklinga ein higa etter. Vartdal nemnde si eiga bedrift sitt engasjement i den nye fleirbrukshallen på Vartdal. Dette vil bety mykje for mange. Og det vil kunne bidra til at Vartdalsstranda har ei god framtid.
Mulegheiter
– Ørsta kommune har mange mulegheiter. Det er viktig at også utkantane vert tekne med når ein skal realisere mulegheitene, meinte Jon Endre Vartdal.
Han peika på at det er viktig å sikre nok areal til industrien og at folk måtte få bu der dei ynskte.
– I utkantane er lokalisering av bustadhus langt viktigare enn i sentrumsområdet i høve det å halde oppe ein best mogleg verdi på bustadene, meinte Vartdal.
Samferdsel
Han kom også inn på samferdsel. Og Vartdal meinte det er eit viktig poeng med konsensus, semje, internt i kommunen i dei store samferdselssakene.
– Det er meiningslaust viss ikkje Ørsta kommune klarer å samle seg om dei store samferdselssakene. Ein må ha stor takhøgd når sakene vert diskutert. Men når sakene skal frontast ut, må ein stå samla, var Vartdal sitt klare råd.
Han kom også inn på saker som Ørsta-politikarane ikkje har makt og styring over. Det galdt skattar og avgifter.
Morselskapet Vartdal Holding er eig av tre sysken. Dei betalar 4,5 millionar årleg i formuesskatt, noko Vartdal rista på hovudet over. Spørsmålet om eigedomsskatt vart også teke fram. Og rådet frå bedriftsleiaren var krystallklart:
– Ørsta bør klare seg utan ein slik skatt. Innfører ein eigedomsskatt i Ørsta vil kommunen stagnere, var Vartdal si meining.
Visjonar
Til slutt snakka Vartdal om visjonar – og om kommunen har visjonar for framtida. Det meinte han er viktig.
– Kva vil Ørsta framover? Har vi felles mål? I botnen må vi ha noko som byggjer stein for stein, sa dagleg leiar Jon Endre Vartdal.