Eit bufellesskap vil seie at pensjonærane som bur der ikkje får plass gjennom institusjonsvedtak, men vert tilbodne om bustad i eit bufellesskap, og det vil verte gjort vedtak om heimetenester etter brukaren sitt eige behov. Dei som bur i bufellesskapet kan kjøpe måltid ved institusjonskjøkkenet.

Tysdag var saka opp i Levekårsutvalet, og dei gjekk samrøystes inn for tilrådinga.

– Det er veldig positivt at ein får teke i bruk heile bygget. Dette er også eit tilbod som femner ei gruppe som har behov for trygge rammer, tryggleik rundt seg og tilgang på personell om det skulle vere behov. Vi håper at dette er starten på å få i gang eit løft for omsorgsbustader i Ørsta kommune, seier leiar Sven Castberg.

21 sjukeheimsplassar i dag

I dag er det fjorten sjukeheimsplassar i nybygget ved Vartdal helsetun. I vestfløya, den eldste delen, er det sju sjukeheimsplassar. Vidare er to plassar nytta til ekstratiltak, og fire plassar er ikkje nytta. I alt er det 27 plassar ved institusjonen.

– Vartdalsregionen har dei siste åra opplevd ein stor auke i behovet for heimetenester. Regionen er ein av dei som opplever auke i talet på eldre tidleg. Dei største utfordringane for drifta av heimesjukepleien er at det er store geografiske avstandar der tenesta skal dekkje. Det fører til stor køyrelengd per vakt, og mangel på tilrettelagde bustader. Det er heller ikkje knytt nattevakt til heimebasert omsorg, kommenterte rådmannen i saksutgreiinga.

Fire omsorgsbustader

På Vartdalsstranda er det per i dag fire omsorgsbustader, og dei er lokaliserte i underetasjen på Vartdal helsetun. Desse har heller ikkje døgnbemanning.

– Eit bufellesskap vil kunne gje eit meir tilpassa tilbod til brukarar som ikkje har ei omfattande behandling eller pleiebehov, men likevel har behov for større grad av tilsyn, faste rammer og tilrettelegging til dømes av måltid enn det dei kan oppnå i eigen heim, heiter det frå rådmannen.

Vidare vert det peika på at eit slikt fellesskap også kan vere eit godt tilbod for til dømes brukarar frå korttidsavdelinga ve Ørstaheimen som ikkje lenger treng så omfattande oppfølging, men til dømes ei lenger rehabiliteringsperiode før dei kan reise heim til eigen bustad.

Planen vert å starte omlegginga av drifta med å gje nye søkjarar tilbod om bustad i bufellesskapet. Brukarar med vedtak om og behov for langtidsplass i institusjon vert overført til den nye delen med sjukeheimsdrift ved ledige plassar.

– Ein vil då ha fire tome bustader som kan nyttast umiddelbart etter vedtak, og slik få etablert det nye tilbodet.

Leiar Sven Castberg i levekårsutvalet kallar omgjeringa av sjukeheimsplassar på Vartdal til bueiningar i bufelleskap for eit løft for omsorgsbustader.