– Eg såg Smokey & The Bandit på byrjinga av 80-talet. Der hadde dei ein slik bil. Sidan har det vore draumen å eige ein, seier Sporstøl.

I fjor tok han steget ut og realiserte draumen. Han fekk frakta ein 1982-modell av den populære trekkvogna frå statane til Noreg. Bilen er kjøpt til rein hobbybruk og brukar tre liter på mila, men det er det verd, meiner han.

– Det måtte verte ein såpass bil når ein først kjøpte, seier han.

– Kvifor er amerikanske bilar så populære blant entusiastane?

– Mykje av kulturen bak amerikanske bilar er viktig. Det er store motorar med mange hestekrefter og fres. Ein kjøper seg også inn i eit miljø. Amcar-miljøet i Noreg er berre heilt eksepsjonelt. Er ein uheldig og får problem, kjem det ti personar og hjelper deg med ein gong. Ein står aldri lenge fast med noko, seier Sporstøl.

Til no har han reist rundt på amcar-treff fleire plassar i Noreg. I april fekk han norske skilt på bilen, og ser fram til å reise på fleire biltreff i sommar.

Sjå biletserie frå amcar-treffet