I byrjinga av juni tok Daniyal Mueenuddin turen tilbake til garden som oldefaren forlét for å emigrere til USA.

– Oldefaren min budde på Skortå, ein av fire gardar her på Buset. Då han emigrerte frå Noreg til Amerika, slo han seg ned i Wisconsin, og det var også der han døydde, seier Mueenuddin.

Røter til Pakistan

Oldefaren til Mueenuddin var Nils Karstein Laurits Sundgot Buset, som var født i 1860, og var eit av femten born til Lars Petter Buset og Pernille Johanne Nilsdtr. Sundgot. Nils Karstein Laurits fekk sjølv fem born med kona Julia Thorsen, og døydde i USA i 1912.

Det som kanskje er eit spørsmål for mange er korleis den norskætta slekta har sett spor etter seg i Pakistan. Bestemora til Mueenuddin, Dagny Buset, slo seg ned i Deerfield, Dane, Wisconsin. Der fann ho kjærleiken med Roland Lewis Thompson. Dottera til Dagny og Roland Lewis, Barbara, gifta seg med Ghulam Mueenuddin, som er far til Daniyal.

– Og slik vart den delen av slekta til, seier Mueenuddin.

Dyrkar mango og er forfattar

Forfattaren er født i USA, men fram til han var tretten år budde han i Pakistan. Då foreldra skilde seg vart han og broren med mora tilbake til USA. Etter endt utdanning tok han over familiegarden i Pakistan, som var ynsket til faren. I dag er Mueenuddin gift med Cecilie Brenden Mueenuddin, og har flytta tilbake til Pakistan.

Der driv han familiegarden, og dyrkar mango i tillegg til å vere forfattar. Som forfattar er han best kjend for boka «In Other Rooms, Other Wonders», som kom ut i 2009. Han har fått mange prisar for boka, som har vorte gitt ut i nitten land og oversett til seksten språk.

Slektsband til Buset

Det var i samband med Litteraturfestivalen på Lillehammer at tilfeldigheitene ville ha det til at han skulle besøke Buset.

– Eg var i kontakt med Gyldendal, og nemnde at familien min har røter i Noreg, og nemnde også staden Buset. Då vart eg fortald at det jobba ein mann med Buset til etternamn i Gyldendal. Dette var Bjarne Buset, som slektar frå Skortå, og at vi var i slekt, seier Mueenuddin.

Det å vere i Noreg, og på Buset, tykkjer forfattaren er fantastisk.

– Det er fantastisk å vere her. Landskapet liknar på det som er i Wisconsin med høge fjell, og «rolling hills». Eg har vorte fortald mange historier om denne staden. Då dei flytta herifrå var det nesten ingenting her, seier Mueenuddin.

– Ein faktor for meg

For Daniyal var besøket på Buset første gang han har sett kvar han slektar frå, men sjølv om familien emigrerte til Amerika heldt dei likevel ved dei norske tradisjonane.

– Då bestemor mi var lita, brann huset deira ned, og alt dei hadde med seg forsvann og det er ingenting igjen frå perioden på Buset. Bestemor mi snakka ofte om livet på Buset, og det å ha ei norsk slekt har vore ein viktig faktor for meg. Kjensla i huset til bestemor var veldig norsk, og ho snakka med sine søsken på norsk. Bestemor var veldig norsk på den måten at ho var seriøs og fekk ting gjort, seier Mueenuddin.

– Håpar dei er glade for å sjå meg

Etter å ha besøkt slektsgarden på Skortå la reisefølgjet turen innom Pettergarden der dei helste på Jan Petter og Petter Buset, og fekk ei omvising på garden. Dagen på Buset vart avslutta med fjelltur i eit litt kaldt sommarvêr, men Mueenuddin håpar at nokon var glade for at han tok turen tilbake.

– Om det er spøkelser frå familien min som vandrar rundt her, så håper eg at dei er glade for å sjå med, seier Mueenuddin med eit smil.

Daniyal Mueenuddin driv i dag familiefarmen i Pakistan, i tillegg til å vere forfattar. Han er også gift med Cecilie Brenden Mueenuddin.
Bjarne Buset (t.h.) i samtale med Petter Buset.