Formannskapet i Ørsta har på vegner av Ørsta kommune vedteke ei fråsegn til støtte for pelsdyrnæringa. Fråsegna er sendt m.a. til regjeringa og Sunnmøre regionråd.

Det var på siste kommunestyremøte at Ola Perry Saure (Sp) bad om ei fråsegn til støtte for pelsdyrnæringa. Bakgrunnen var vedtaket på Arbeidarpartiet sitt landsmøte der de heiter at næringa på sikt skal avviklast. Saure tok då utgangspunkt i pelsdyrnæringa i Norangdal, der heile bygda er avhengig av inntektene salet av rev- og minkskinn gir.

SV i mot

I kommunestyret var det semje om at formannskapet skulle ta seg av fråsegna. Dessutan hadde ikkje eit vedtak i kommunestyret vorte samrøystes.

– Eg har ingenting i mot pelsdyroppdrettarane i Norangdal, og eg er viss på at dei driv etisk forsvarleg. Men for meg er dette ei prinsippsak, sa Stina Aasen Lødemel då.

Samrøystes i formannskapet

I formannskapet vart fråsegna vedteken samrøystes.

I fråsegna vert det vist til at pelsdyrnæringa er ei viktig næring i Ørsta.

– Formannskapet er uroa over at næringa er sett under sterkt press, og at enkelte frå sentralt politisk hald vil avvikle næringa. Ørsta kommune meiner at eit overveldande stort fleirtal av pelsdyroppdrettarane driv med ein svært høg standard når det gjeld dyrevelferd. Pelsdyrnæringa er også viktig distriktsnæring som gjev mange positive ringverknader for lokalsamfunna. Ørsta kommune vil difor oppmode alle sentrale politikarar og parti om å la pelsdyrnæringa få leve vidare, heiter det i fråsegna.