Helse- og omsorgstenesta i Ørsta kommune søkjer fleire avlastingsheimar for barn.

Det opplyser Ørsta kommune på si heimeside, og skriv:

«Avlastingsheim er eit kommunalt hjelpetiltak for familiar som har særleg tyngande omsorg for familiemedlemmer som har en psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing. Som avlastingsheim kan du bidra med gode opplevingar, utvikling og ein ressurs i eit anna menneske sitt liv. Avlastinga foregår i avlastar sin eigen heim.

Det er ønskeleg med oppdrag kvar fjerde helg, fredag til søndag.

Om du kan tenke deg eit slikt oppdrag, ta kontakt med tildelingskontoret for nærmare informasjon og samtale om kva dette inneber.»