Det seier Stine Riise, miljøterapeut ved Småjobbsentralen til Ørsta kommune.

Småjobbsentralen har dei siste åra hatt ansvaret for drifta av volleyballbana på Vekslet. Der har dei registrert at volleyballnettet har vorte stadig meir utslite, og i år er det så vidt det heng saman.

– Difor søkte vi Ørsta Røde Kors og Magne Haugen fritidsfond om midlar til nytt nett, fortel Riise.

Styret i Ørsta Råde Kors synest tiltaket er flott, og bestemte seg for å kjøpe eit nytt volleyballnett til Vekslet.

Pengane kjem frå Magne Haugen fritidsfond. Fondet er oppretta etter at Ørsta Røde Kors vart tildelt ei arv på 3,5 millionar kroner.

– Det er ikkje slik at Røde Kors sjølve skal bruke desse pengane. Vi brukar ikkje ei krone til vår eiga drift. Men vi skal årleg dele ut pengar til å skape gode aktivitetar og opplevingar for barn og unge i Ørsta. Vi synest at det å skape eit godt miljø på Vekslet er eit tiltak som fortener støtte, seier Kjell Bjarne Eikebø, leiar i Ørsta Røde Kors.

Det er styret i Ørsta røde kors som fungerer som fondsstyre for minnefondet.

Småjobbsentralen har siste åra hatt ein del av ansvaret for vedlikehaldet på Vekslet.

Dei gler seg over gåva

– Det er særleg born og unge som brukar volleyballbana. her er skuleklasser på dagtid, og mykje leik på ettermiddags- og kveldstid. Vi synest det er fint at vi slik får skapt aktivitet, seier Riise.

Ho understrekar at volleyballnettet er kjøpt inn i samråd med kommunegartnaren, som har det formelle ansvaret for drifta og vedlikehaldet på Vekslet.