Alle elevane frå ungdomsskulane i Sande, Herøy, Ulstein, Hareid og Ørsta er inviterte til å ta del på skifesten.

– Det heile starta med eit spørsmål frå ungdomsklubben i Herøy om dei kunne kome på besøk. Dette initiativet har ført til eit stort opplegg, der ungdom frå mange kommunar vil kome. Dette har igjen bakgrunn i at Ørsta ungdomsskule har vorte ein MOT-skule igjen, fortel Gunnar Knutsen, styreleiar i Ørsta skisenter, og Ole Sunde, representant for MOT på Ørsta ungdomsskule.

Arrangørane har fått hjelp frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre, som medverkar til at deltakinga på Bondalseidet fredag vert gratis. I tillegg finansierer Ørsta Røde Kors via Haugenfondet bussar til og frå skisenteret, medan Ørsta skisenter på si side gir gratis kveldskort og dessutan gratis skileige.

Ole Sunde og Gunnar Knutsen inviterer til skifest på Ørsta skisenter fredag kveld. Foto: Rune Sæbønes/ Møre-Nytt

– Det einaste ungdommane eventuelt må betale for, er det dei vil kjøpe på kioskane i varestova nede eller på kafeen oppe. Men vi fyrer opp bålpanner, slik at ungdom gjerne kan grille pølser viss dei har med seg. Og nokre pølser griller vi også sjølve til dei som vil ha, fortel Knutsen.

Det er altså ordna med buss-skyss. I Ørsta startar bussen på Vartdal kl. 17.34, og køyrer vidare frå Ørstahallen kl. 18.15.

– Elles håper vi foreldre og andre stiller, og skyssar ungdommar til og frå skisenteret, og at dei også kan stille som vakter, seier Knutsen.

– Det er ikkje lagt opp til noko spesielt program denne fredagen.

– Nei, her skal ungdommen få utfalde seg fritt. Men vi håper kanskje nokre foreldre stiller som instruktørar for dei som har behov for det. Det er kanskje nokre som er på ski for fyrste gong. Då skal dei få leige gratis ski, og få instruksjon, seier Knutsen.

Han og Sunde kan love ein fin fredagskveld.

– Snøen er her og forholda er gode, seier Knutsen og Sunde.