Politi og påtalemakta etterforska og avgjorde 8,7 prosent færre lovbrot enn i 2020, til saman 271.500 lovbrot.

Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) er dette færre enn noko tidlegare år i den samanliknbare statistikken tilbake til byrjinga av 1990-talet.

Den største gruppa sikta i fjor, ein av fire, vart sikta for eitt eller fleire rusmiddellovbrot. Blant desse er 10.900 personar registrerte med i alt 17.400 siktingar for narkotikalovbrot.

Likevel er det ein markert nedgang i siktingar for brot på reglane i legemiddellova om bruk av narkotika i fjor med 32 prosent færre siktingar og 43 prosent færre sikta med dette som hovudlovbrot.

(©NPK)