Denne veka gjennomfører Statens vegvesen ein stor aksjon retta mot bruk av setebelte i buss. Då vegvesenet gjennomførte ein tilsvarande aksjon i 2015, vart 40.500 busspassasjerar sjekka. 10.000 av dei sat usikra, sjølv om det var belte tilgjengeleg i bussen.

Skadepotensialet i buss er stor i ei ulykke, ifølgje vegvesenet. Passasjerar utan belte blir kasta rundt i eller ut av bussen.

- Å feste beltet er ikkje ei privatsak. I bussen brukar du beltet like mykje for dei du reiser saman med som for deg sjølv, seier Annette Henden i Statens vegvesen Region midt. Delen busspassajerar med belte aukar med alderen, og er høgst blant dei over 60. I alderen 15-20 år er det berre ein av ti som oppgir at dei brukar belte i bussar der dette er tilgjengeleg.

Årsaken kan vere sosial aksept, trur vegvesenet.

Så mange som 4 av 10 i alderen 15-20 år meiner det ikkje er sosialt akseptert å feste beltet på bussar med belte. Dei yngste er også dei som tek mest buss.

- På bussen blir vi påverka av dei vi reiser saman meden. Om du bruker beltet, kan du bidra til at også dei andre på bussen hugsar at beltet må på. Då blir turen endå tryggare for alle, seier Henden.