Det seier gruppeleiar Paul Kristian Hovden i Ørsta Kristeleg Folkeparti.

Han gler seg over at morpartiet på Stortinget har lagt inn ein auke i tilskotet til tømmerkaier i sitt forslag til statsbudsjett.

– Vi frå Ørsta, og fleire med oss, har spelt inn at det er behov for å forsere utbygginga av regionale tømmerkaier. Vi er glade for at KrF på Stortinget no vil presentere overfor dei andre samarbeidspartia, seier Hovden.

Allskog og andre aktørar har i fleire år peika på ynsket om Ørstaterminalen som ei regional tømmerkai. Skal det verte mogleg å frakte ut meir tømmer enn i dag, må kaia byggjast ut.

– Vi meiner dette er heilt rett, både i eit næringsperspektiv og i eit miljøperspektiv, seier Hovden.

Han peikar på at det i Ørsta og kringliggjande kommunar på Søre Sunnmøre er mykje hogstmoden skog.

– Det er fleire hundre tusen kubikk som skal hoggast dei komande ti til tjue åra. Då er det viktig at vi har infrastrukturen på plass, som skogsvegar og ikkje minst ei moderne utskipingskai, seier Hovden.

Det ligg inne ei løyving på tjuefem millionar kroner til tømmerkaier i statsbudsjettforslaget frå regjeringa. KrF foreslår å auke dette beløpet med nye tjuefem millionar kroner.

– Det er eit lite beløp, men vesentleg i denne samanhengen, og kan medverke til ei forsering av utbygginga av Ørstaterminalen, seier Hovden.Den tidlegare varaordføraren er klar over at nokon vil seie at ei slik utbygging er eit kommunalt ansvar.

– Eg vil hevde at det i aller høgste grad er eit statleg ansvar, for skogreisinga var og er eit nasjonalt prosjekt, seier Hovden.

Han gjev ros til Ørsta Næringskontor for å ha trykt på i prosessen med å få til auka løyvingar.Og Ørsta Næringskontor vende seg denne veka til landbruksministeren og stortingsrepresentantane Pål Farstad (V) og Harald Tom Nesvik, og bad om at saka vert følgt opp.

– Det er viktig at vi får ei tømmerkai strategisk lokalisert på Søre Sunnmøre, og som vil utskipe stabile tømmervolum frå distriktet, heiter det.