Hausten 2015 kom den tiltalte mannen i kontakt med ei jente i 18-årsalderen gjennom ein nettstad, og dei avtalte å møtast. Jenta hadde med seg ei yngre venninne til møtet. Venninna var fornærma i rettssaka. Mannen og den yngre venninna avtalte å møtast aleine etter det første møtet. På dette tidspunktet var jenta 14 år. Mannen reiste til heimplassen til jenta og henta ho til hans leilegheit. Det vart gjennomført to samleie. Nokre dagar seinare henta mannen jenta på nytt, og mannen har forklart at det vart gjennomført 2–3 samleie ved dette høvet. I dommaravhøyr i 2015 erklærte mannen seg straffskuldig.

– Tiltalte var kjent med fornærma sin alder, og dei hadde på førehand diskutert at ho var så ung at det var ulovleg det dei gjorde, heiter det i dommen.

I Sunnmøre tingrett vart mannen dømd til fengsel i seks månader for brot på straffelova. Mannen er og dømd til å betale oppreisningserstatning på 50.000 kroner til jenta. Mannen må ikkje betale sakskostnader.