Fretex-Midt-Noreg A/S har sett opp tre små containerar for brukte klede i Ørsta kommune. Det er ved Prix i Ørsta, Eurospar på Vartdal og ved Eurospar i Ørsta. I Volda er der to boksar. Ein i Strandgata, og ein godt synleg boks ved Lefdal i Furene. Butikkeigarane eller huseigarane på desse plassane var veldig positive.

– Vi hadde lyst til å ha ein ved Amfi i Ørsta også, men der måtte vi måle konteinaren oransje for at den skulle stå i stil med bygget, og det hadde vi ikkje høve til, fortel arbeidsleiar Geir Staveli.

Stort behov

– Grunnen til at vi samlar inn i Ørsta og Volda er at folk skulle få eit alternativ til Uff, og at det er stort behov for brukte klede i land som Polen, Tsjekkia og Ungarn. Det er dit vi sender det vi får inn her, informerer Staveli. Kleda går altså ikkje til Fretex-butikkane i Noreg. For å vite meir om tiltaket kan ein gå inn på sida til Fretex som er www.fretex.no.

– Kva typar klede er de interesserte i ?

– Vi er glade for alt vi får inn. Kleda og skoa må vere heile, men vi krev ikkje at dei skal vere nyvaska og reinsa, seier han.

Miljøvennleg

Geir Staveli fortel vidare at responsen i Volda og Ørsta har vore god så langt.

Han reknar med at folk kjem til å levere inn meir når tilbodet vert betre kjend. Staveli understrekar også at i tillegg til å hjelpe fattige i andre land, sparer ein også miljøet ved å levere inn kleda til gjenbruk.