Betalingsløysinga vart fjerna i mai, og det var særleg mange som besøkte nettstaden i haust. Det er særleg mobilutgåva av morenytt.no som veks.
Her er dei fem mest leste sakene frå året som gjekk:
1. – Eg er heilt mållaus over responsen
Saka om Simone Vartdal, som fortalde ope om hasjmisbruket sitt på Facebook for å åtvare andre, vart den klart mest leste saka til morenytt.no i 2013.
Det som i utgangspunktet var ei kort oppfølgingssak, førte til stort engasjement og mange sterke meiningar. Det fall ikkje i god jord at Møre bispedømmeråd kravde at den som vert tilsett som prest i Ørsta ikkje skal leve i homofilt partnarskap, likekjønna ekteskap eller sambuarskap. Saka vart også følgt opp, både av Møre-Nytt og av andre medier.
I 1973 var Ola Rønneberg frå Eidsdal i ferd med å fryse i hel i fylla i Ørsta. Då berga to jenter livet hans. I desember gjekk han ut i Møre-Nytt for å finne ut kven dei to jentene var. Mange las saka, men jentene har, etter det Møre-Nytt kjenner til, ikkje meldt seg enno.
29. oktober vakna Ørsta og resten av Sunnmøre til ei merkeleg svovellukt i lufta. Mange spekulerte i kva årsaka kunne vere, og Liv Hasund meinte svaret låg torevêret natta før. Det avviste meteorologen i Bergen.
5. «Kjellen» med eigen julekalender
Julekalenderen til Ørsta og heile Noreg sin hissigpropp, Kjell «Kjellen» Bigset, fekk ein plass på topp fem-lista til morenytt.no i 2014.
Andre saker med mange lesarar i 2014:
Ellevill båtjakt i Ørstafjorden