I framlegget til budsjettvedtak til styret stod det at dei skulle kutte tilskotet på 250.000 kroner til drifta av bassenget i Volda. Onsdag snudde styret, enn så lenge.

Uvisse om garantiar

Det var nestleiar Petter Bjørdal som la inn eit godt ord om at saka må verte skikkeleg sjekka ut før styret vert bedne om å gjere vedtak.

Bakgrunnen er at dagleg leiar for bassenget, Karen Høydal, meiner at det ligg ein garanti og føringar for drifta gjennom tilskot frå Kulturdepartementet då bassenget vart bygd.

– Rehabilitering og folkehelse er lovpålagd, difor skal det mykje til for å ikkje gje tilskot til dette føremålet, uttalte Høydal i Møre-Nytt tysdag.

Bak stiftinga Varmtvassbassenget står Volda/Ørsta Revmatikerforening, Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Bassenget vart bygd medan fylkeskommunen eigde sjukehusa. No er det Helse Møre og Romsdal som eig bygget, men stiftinga står for drifta. Summen frå Helse Møre og Romsdal utgjer om lag ein tredjedel av inntekta til bassenget.

Samrøystes

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalsheim, fremja forslag om at direktør Astrid Eidsvik, i dialog med styret i stiftinga Varmtvassbassenget, går gjennom vedtaka og dei eventuelle forpliktingane som ligg i dei, og fremjar ny sak til styret i samband med budsjettet for 2015.

– Det er vår oppgåve å vere ryddige i sakene våre og få alle ting på bordet før vi tek ei avgjerd.

Han viser til at det finst eit nasjonalt stiftingstilsyn som har alle papir dei treng for å finne ut av saka.

– Det er få dagar att av året, og vi kan vel sjølve tenke oss korleis vi skulle reagert om vi fekk fjerna ein så stor del av driftsbudsjettet vårt over natta, sa Kvalshaug før han fremja forslaget om å ta saka opp til ny handsaming om eitt år.

– Og då ligg det kanskje i korta at om der ikkje ligg ei forplikting om at vi skal gi tilskot, så vil vi vurdere dette tilskotet, og kanskje er det eit signal om at drifta må innordnast utan dette tilskotet, utan at vi skal seie noko konkret om det i dag.

Styret gjekk samrøystes inn for Kvalshaug sitt forslag.