Så snart formannskapet og kommunestyret har godkjent salsvilkåra, vil tomtene vert lyst ut. Målet frå kommunen si side er dessutan å få opparbeidd tekniske anlegg i løpet av inneverande år.

Ørsta komune har eigd desse tomtene sidan 1980. I fjor vart tomtene ferdog regulert gjennom ei reguleringsendring.

Grunnen til tomtene inkludert friområde er samla på 4.124 kvm, og netto tomteareal utgjer 3.478 kvm. Det vert rådd til ein kvadratmeterpris på 116 kroner for tomtene. Då er det rekna ein råtomtpris på åtti kroner kvadratmeteren og lagt til kostnader med regulering og administrasjon. I tillegg kjem tekniske anlegg på 265.380 kroner per tomt.

Tre av tomtene får då ein pris på kring 368.000 kroner. Desse tomtene er på kring 885 kvm. Den fjerde tomta vil koste 360.382 kroner, og denne tomta har eit areal på 819 kvm.

– Ved at det no vert lagt til rette for sal av tomter i sommar, kan dei som kjøper seg tomter allereie tidleg haust ta til med planlegging av his. Kommunen planlegg å annonsere tomtene for sal sanarast råd etter at vedtaket er gjort i kommunestyret, i slutten av juni eller tidleg i juli, kommenterer rådmannen.