Formannskapet drøfta saka torsdag. Høgre og Framstegspartiet sine fire røysteføre gjekk inn for sprit til alle som søkte, medan oppfatninga var delt mellom dei andre partia i dette spørsmålet. Det vart vist til skilnad på Rust sitt konsept og Norrøna Pub sitt. Rusplanen opnar for skjønn i slike saker.

To område

På Rust Club & Scene vart det no søkt om spritservering i to område. Dette inneber ombygging. Minibar, som høyrer til utestaden, skal utvide inn i det store lokalet vegg-i-vegg, og lagar eit fysisk skilje mellom scenelokalet og Minibar. Spritløyve for begge sonene er gjeve under føresetnad at det ikkje skal vere aktivitet på scena og i dette lokalet. Sju representantar røysta for levekårsutvalet si tilråding medan Paul Kristian Hovden (KrF) røysta mot alle sprit-løyve og ivra for ei innstramming av skjenkjepolitikken.

Lukka lag

Norrøna Pub har i dag spritløyve for lukka lag, men ønskte å ha vanleg spritløyve inne og ute. Rådmannen viste til at pub er eit konsept som normalt berre kan få løyve for alkohol inn til 22 vol %.

Petter Bjørdal støtta eit spritavslag og viste til innføring av 20-års aldersgrense vil ekskludere unge i alderen atten til tjue år med å kome inn på Norrøna Pub. Dette argumentet delte Ola Perry Saure (Sp).

Odd Magne Vinjevoll (Frp) var ikkje så sikker på om denne aldersgruppa i realiteten miste noko utetilbod dersom det vart innført 20-årsgrense på Norrøna.

– Det Norrøna Pub gjer er å prøve å tilpasse seg marknaden, viste han til og fremja levekårsutvalet sitt vedtak.

Ikkje fleirtal

Høgre og Frp røysta for sprit til Norrøna men dette fekk altså ikkje fleirtal.

Formannskapet har elles gjeve sprit-løyve til at alle tre hotella i Ørsta, Møre Folkehøgskule, Rekkedal Gjestehus, Sjøbuda Ramoen og Aasen-tunet. Dette gjeld også uteservering. Hotell Sagafjord har også fått øl- og vinløyve for ein båt hotellet skal disponere.

Bjørke

Bjørke Adventures, som er under planlegging, har fått vanleg skjenkjeløyve ute og inne for øl og vin. Elles har alle dei andre serveringsstadene i Ørsta som har alkoholservering i dag fått fornya løyva sine.

Det same har butikkane som sel øl, cider og rusbrus.

Rust har fått utvida spritløyve.