Styreleiar Karl Erik Rønnestad er sikker i sin sak. Skal det skje næringsutvikling i Volda, må det skapast arenaer for samarbeid. Dette gjeld både internt i kommunen, og i storregionen Søre Sunnmøre/Nordfjord. Sentral i jobben med å få offentlege og private aktørar til å drage lasset i same retning, er Volda Næringsforum. Då trengst det ein dagleg leiar med glødande engasjement og pågangsmot, insisterer Rønnestad.

– Må vere ambisiøs og positiv

Etter sommaren tek Volda Næringsforum til med å rekruttere medlemmer, men fyrst skal dei ha på plass ein dagleg leiar.

Det er viktig å få på plass ein person i denne stillinga. Volda Næringsforum er ambisiøse og positive. Vi tek sikte på å jobbe for samarbeid, og då må dagleg leiar tenke i dei same banene, seier Rønnestad.

Han og resten av interimsstyret, som består av Thor Humberset (frå industrilaget) og Eiliv Halkjelsvik (frå reiselivslaget), er sikre på at dei finn rett person til den ledige jobben.

– Det er mange dyktige og ressurssterke personar der ute, som anten er frå eller har anna tilknyting til Volda. Det kan også vere nokon frå regionen, som ser potensialet for næringsutvikling og regionalt samarbeid i denne flotte bygda, seier Rønnestad.

Spennande

Rønnestad seier han gler seg til å få inn søknader, og trur mange kan ha interesse av å verte tilsett i den spennande jobben som dagleg leiar.

Vi ser for oss at det fins mange sjølvstendige, utoverretta, positive og handlekraftige menneske som kan sjå føre seg å jobbe med næringsutvikling i Volda. Jobben er utfordrande, men slik skal det også vere. Vi kan love ei rekkje spanande arbeidsoppgåver, seier Rønnestad.

Personar med høgare utdanning innan fagfelt som administrasjon og leiing vert oppmoda til å søkje. Relevant praksis og erfaring kan kompensere for dette, seier Rønnestad, og er snar med å legge til:

– Det viktigaste er at vedkomande brenn for Volda.

– Dagleg leiar har viktig rolle

Den daglege leiaren skal mellom anna medverke til at næringslivet i Volda får og utnyttar gode arbeidsvilkår og utviklingsmulegheiter. Det vert også viktig å søkje samarbeid med selskap, lag, organisasjonar og kommunar i regionen, som kan ha noko å seie for utviklinga av næringslivet i Volda.

– Som sagt gler vi oss til å få inn søknader, slik at vi kan få inn ein initiativrik og drivande god dagleg leiar. Det må til for at Volda Næringsforum skal nå måla sine, seier Rønnestad.

Utvikling gjennom samarbeid

Tidlegare i vår vart forumet, som tek form av ei medlemsforeining, skipa. Initiativet vart teke av næringslaga handelsforeininga, industrilaget og reiselivslaget gjennom Stiftinga Kontor for Næringslivet (KFN). Gjennom midlar frå KFN har ein sikra ein solid økonomisk plattform for forumet. Seinare vil kontingent og engasjement frå medlemmer sikre at forumet blir ein faktor å rekne med.

Volda Næringsforum skal ha fokus på den gode kundesørvisen i Volda. Organisasjonen skal i tillegg jobbe for sentrumsutvikling, samferdselsløysingar, vere pådrivar i regulerings- og plansaker, og auke lokalpatriotisme og -stoltheit.

– I tillegg vert det viktig at vi kartlegg behov, som kan løysast i samarbeid mellom medlemmene i næringsforumet, seier styreleiar Karl Erik Rønnestad.

Næringsforumet skal vere eit knutepunkt for samarbeid, kor nettverksbygging og koplingsarbeid vert nokre av dei viktigaste arbeidsoppgåvene.

– Vi skal i hovudsak rette oss mot aktørar i Volda, men vi tenker også regionalt. Difor er det eit mål for oss å samarbeide med selskap, lag, organisasjonar og kommunar i storregionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, poengterer Rønnestad.