Det går fram av ein rapport som no er utarbeidd.
Kommunestyret vedtok før jul å leggje ned institusjonskjøkkena på Vartdal Helsetun og Hjørundfjordheimen i år, og late bebuarane på desse institusjonane i staden få middagsmaten sin frå Ørstaheimen.
I vedtaket går det fram at ein eventuell innsparingsgevinst skal kvalitetssikrast.
Million
Det har vore rekna med at ein kunne spare kring ein million kroner på å samle all kjøkkendrift på Ørstaheimen. No viser ein rapport at innsparingsgevinsten berre vert kring 250.000 kroner på ei samlokalisering. Men gevinsten vert endå lågare, i alle fall første året, for i reknestykket har ein ikkje teke med investeringskostnader på Ørstaheimen som følgje av matlevering til dei to institusjonane.
Møre-Nytt har fått stadfest tala frå kommuneleiinga, men ingen ønskjer no å kommentere saka før ho har vore formelt handsama i kommunen.
Innsparing
Saka om kjøkkennedlegging dukka opp som følgje av dei omfattande innsparingstiltaka den nye fleirtalskoalisjonen i kommunestyret vedtok i desember. Det var meininga at spørsmålet om kjøkkenavvikling eller ikkje skulle avklarast snarast etter nyttår dersom ein skal oppnå den innsparingsgevinsten politikarane vonar skal kome i 2012.
No skriv vi midten av april. Det hastar difor å gjere eit vedtak.