Dramagruppa i Kulturskulen i Ørsta vert berre flinkare og flinkare år for år. No er dei ein kjempedyktig og kreativ gjeng av born og ungdom i 12, 13 og 14-års alderen. Sist veke framførte dei eit dramastykke som hadde både humor, fantasi og spenning i seg.

Vampyrar og trollmenn

Historia handla om to sysken som lever på kvar si side av ei usynleg grense. I den eine verda dreier det seg om skulegang og jåleri, i den andre dimensjonen bur Vladimir med den litt for store ungeflokken sin, som alle er vampyrar.

Midt i mellom regjerer trollkvinna Rodriguez som er ei noko gjennomsiktig dame som har sin eigen drage som heiter Infernagon. Etter kvart skaffar ho seg også ein festleg trollmannlæring, alias Stinus R. Øverbø, som tryllar fram den eine osten etter den andre. Mor til Stinus jobbar på meieriet, så det var på sin plass med litt ost.

Latter

Publikum fekk seg mang ein god latter under framsyninga. Og borna imponerte med å hugse mykje tekst, ha dei rette faktene og stemmene var høge nok, i alle fall for dei som sat lengst framme i salen.

Etter dramastykket fekk dei unge og lærar Brynhild Hovden mykje applaus og ros.

God jobb

Også dei som stod på scena var fornøgd med teateret.

– Vi synest sjølve vi gjorde ein god jobb, fortel Andrea Melheim Mork som spelte Vladimir. Andrea har vore med i dramagruppa i nesten 4 år. Ho synest det er kjekt og sosialt å vere med.

– Det er ein fin plass å få nye venner, seier ho og rår andre til å bli med.

– Kan du fortelje korleis de laga stykket?

– Det starta med at alle kom med idear både til handlinga og til korleis personane skulle vere, så sette Brynhild det heile saman, fortel ho.

Gøy og sosialt

Stinus R. Øverbø spelte trollmannlærling. Det var ei rolle han hadde yngst seg.

– Korleis synest du det var å stå på scena?

– Det var både gøy, spennande og litt skummelt. Ein blir redd for å gløyme teksta, men det gjekk bra seier han letta. Stinus har vore med i dramagruppa i tre år.

– Eg starta fordi det var mange i klassa mi som gjekk der. Vi har det veldig gøy saman, så eg skal vere med neste år også, seier han.

Rachel Helset frå Vartdal tok til i gruppa etter jul. Til hausten skal ho flytte til Ørsta, så det å gå i gruppa var ein måte å bli kjend med nye på også.

– Kvifor ville du gå på drama?

– Eg elskar å stå på scena. I femte klasse song eg solo for mange folk i kyrkja, og det likte eg så godt at eg hadde lyst til å gjere meir av det, fortel Rachel.

– Korleis har du vorte motteke i dramagruppa?

– Det har vore lett å bli kjend med dei andre. Vi har det kjempegøy, så eg vil anbefale andre å melde seg på.

Fint samspel mellom Rachel Helset, Ragnhild Nupen og Jenny Gulla.