Meldinga gjekk ut på at det var fyrt opp eit bål i Kolåsen, fremst i Follestaddalen. Bålet hadde kome ut av kontroll, og elden spreidde seg.

Det vart rykt ut frå Ørsta brannvern. Brannvernet fekk kontroll over stoda om lag med det same dei kom til staden, og dreiv der etter sikringsarbeid på staden.